HjemNyheiter1. juni startar Sommarles.

1. juni startar Sommarles.

Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1.-7. trinn delta på Sommarles.no.
Publisert: 30.05.2024
Sist endra: 30.05.2024

Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med!

På Sommarles.no kan ein registrere all lesing, eller ein kan fylle ut lesekort for å delta analogt. Lesekort kan leverast inn på biblioteket og biblioteket vil registrere lesinga. Du kan registere bøker som du har lese sjølve eller lytta til (høgtlesing og lydbøker). Teikneseriar kan også registrerast.

På Sommarles finn du lesetips og du kan løyse oppgåver knytt til Sommarlesforteljinga, "Fanget i spillet", skriven av forfattar Mari Moen Holsve.

For kvar bok som blir registrert, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Deltakarne kan både få kule digitale trofé på nettsida og hente kule, fysiske premiar på biblioteket i Knarvik, på Manger og Frekhaug.

For å bli med på Sommarles.no går du inn på nettsida som opnar 1. juni, og lagar ein profil til deg. Har du ein profil fra før kan du nytta denne. Det kan vere lurt å få hjelp av ein vaksen til dette, anten heime eller du kan spørje oss på biblioteket. Så er det berre å lese i veg.

Meir info finn du her:
Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar! - Nordhordlandsbiblioteka