HeimNyheiter50 elevar og to lærarar i karantene ved Alversund skule

50 elevar og to lærarar i karantene ved Alversund skule

- 50 elevar og to lærarar er i karantene etter at ein person som er knytt til Alversund skule testa positivt for koronavirus. Vi fekk melding om ein positiv hurtigtest fredag ettermiddag og varsla då tilsette, elevar og føresette om den positive prøven. For elevane blir det no heimeskule medan dei er i karantene, seier rektor ved Alversund skule Gøril Undertun.

Prøvesvaret på den innsendte pcr-testen kom laurdag og var også positiv for koronavirus.


Sist oppdatert: 13.09.2021
Publisert: 13.09.2021