HeimNyheiter7 nye koronatilfelle i påsken

7 nye koronatilfelle i påsken

– Vi bør alle saman oppføre oss som om vi har viruset og kan smitte andre. Innsatsen til kvar enkelt er avgjerande om vi skal klare å stoppe viruset, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.
Publisert: 06.04.2021
Sist endra: 06.04.2021

Alver kommune har fått melding om sju nye koronatilfelle i påsken:

  • 31. mars – 4 tilfelle
  • 2. april – 2 tilfelle
  • 4. april – 1 tilfelle

Fire av desse er «nye» tilfelle og ikkje knytt til tidlegare, påviste tilfelle i kommunen.

– Dei muterte virusvariantane som er i samfunnet no er svært smittsame. Difor går vi breitt ut når vi kartlegg og testar nærkontaktar. Det er viktig at folk har låg terskel for å teste seg, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Kommunen ventar svar på fleire prøvar som er knytt til dei fire tilfella. Førebels er det ikkje aktuelt å innføre lokale tiltak, men kommuneoverlegen oppmodar alle om å følgje dei nasjonale retningslinjene.

– Om vi held oss mest mogleg heime og har minst mogleg kontakt med andre får viruset færre moglegheiter til å spreie seg. Vi bør alle saman oppføre oss som om vi i har viruset og kan smitte andre, seier kommuneoverlegen. 

Ho minner om avstandskravet på 2 meter og ber folk bruke munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å halde tilstrekkeleg avstand.

– Vi ser fleire tilfelle no, der folk har blitt smitta etter å ha slått av ein prat ute. Avstandskravet er med andre ord like viktig ute som inne, seier Folgerø og legg til:

–  Hugs at smitteporingsteamet har teieplikt. Det er viktig at dei får god informasjon om kven du har vore i kontakt med, om dei ringer deg.

Kommuneoverlegen ber innbyggjarar om å laste ned smittestopp-appen. Gjennom appen får du beskjed om du har vore i nærleiken av ein annan app-brukar som har testa positivt for viruset, og vil få retningslinjer og råd.

Trykk her for å gå til sida med oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Alver kommune.