HjemNyheiterÅ bytte røykvarslarbatteri kan redde liv

Å bytte røykvarslarbatteri kan redde liv

 Ta vare på dei rundt deg, og skift batteri i røykvarslarane, oppfordrar Lisa Johnsen, lærling på brannførebyggjande avdeling i Nordhordland brann og redning.

Alle bør skifte batteri i røykvarslarane ein gong i året.  

 

 

 Kvart år rykker vi ut på brannar der røykvarslaren har redda liv, fortel Ole Johan Ingebrigtsen, leiar for brannførebyggjande avdeling i Nordhordland brann og redning.

1. desember er røykvarslardagen, der alle blir oppfordra til å bytte batteri i røykvarslarane heime. Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Test røykvarslaren

Test røykvarslaren ved å halde ”test-knappen” inne nokre sekund. Røykvarslaren skal då byrje å pipe. Om han ikkje gjer det, må du byte batteri og gjenta testen, eventuelt kjøpe ny varslar. Om røykvarslaren gjev frå seg korte pip, vil det seie at batteriet byrjar å bli dårleg. Då må du byte batteriet med ein gong.

Bruk gjerne Røykvarslardagen til å hjelpe nokon som ikkje greier å teste eller byte batteri sjølv. Ein ny røykvarslar kan også vere ei fin førjulsgåve.

– Vi tilrår seriekopla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, seier Ingebrigtsen.

Bør testast jamleg

Ein bør normalt byte røykvarslarar etter åtte til ti år. I rom med mykje støv og skit kan detektoren bli ustabil og gje falske alarmar, fordi sensoren blir skiten eller støvete. I slike miljø vil levetida til røykvarslaren vere kortare. Røykvarslarar er EE-avfall som ein ikkje skal kaste i søpla. Gamle røykvarslarar kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale attvinningsstasjon.

røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Faktaboks:

  • Ha minst ein røykvarslar i kvar etasje.
  • Røykvarslarar skal monterast på det høgaste punktet i taket og minst ein halv meter frå veggen. 
  • Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom når døra mellom romma er stengd.
  • Har du ein bustad med mange rom eller fleire etasjar bør du ha seriekopla røykvarslarar. Då pip alle varslarane samstundes ved brann.
  • Vel optisk røykvarslar. Dei fleste bustadbrannar startar som ulmebrannar, og då er optiske røykvarslarar best.
  • Det er forhandlarane som er ansvarlege for at røykvarslarane dei sel er produserte i samsvar med regelverket. Det du må sjekke, er at varslaren er CE-merka.

Sist oppdatert: 05.05.2023
Publisert: 01.12.2020