HeimNyheiterAlver får nær 2000 vaksinedosar dei to neste vekene

Alver får nær 2000 vaksinedosar dei to neste vekene

– Det er utruleg kjekt å kunne melde at vi no får fleire vaksinedosar. Vi vaksinerte 400 blide alverbuar i Nordhordlandshallen i går. Neste veke kan vi sette 900 vaksinedosar og i veka etter får vi rundt 1000, seier Terese Folgerø, kommuneoverlege i Alver kommune.

Er du mellom 74 og 65 år er det snart din tur til å få vaksine.

Registrer deg i dag

Alle over 18 år som ikkje er i ei av risikogruppene med underliggande sjukdommar, kan registrere seg for koronavaksine. Når det er din tur til å få vaksine vil du få ei tekstmelding med lenkje til timebestilling. Vi sender ut meldingar etter kvart som vaksinane kjem inn.

Her finn du meir informasjon om korleis du registrerer deg, og lenkje til registreringssida.

– Har du fått tekstmelding om at du kan bestille time, men ikkje booka time endå? Gjer det så fort du kan, oppfordrar Folgerø.

700 skal vaksinerast i Nordhordlandshallen

Onsdag 7. april skal 700 personar få sin første dose i Nordhordlandshallen. Det blir den største gruppa på massevaksinasjon i Alver så langt.

Har du fått time på massevaksinasjon og er sprek til beins? Bruk gjerne parkeringsplassen på rådhuset, ved kyrkja og ungdomsskulen. Det er og mogleg å parkere utanfor Nordhordlandshallen, men der kan det bli fullt.

Høgrisikogruppa i veke 14 og 15

Alver kommune følgjer helsemyndigheitene si prioriteringsliste for kva tid ulike grupper skal vaksinerast. Til saman 200 av vaksinane blir sende til fastlegane i veke 14 og 15.

– I veke 14 og 15 vil dei fleste i alderen 18-64 år med sjukdomar med høg risiko for eit alvorleg forløp av koronaviruset bli vaksinerte hos sin fastlege. Denne høgrisikogruppa består blant anna av personar som er organtransplanterte og dei som har alvorleg medfødd immunsvikt, seier Folgerø.

Fastlegekontoret tar kontakt med pasientar i høgrisikogruppa for avtale om vaksinering. 

– Vi forventar fleire vaksinedosar framover, og det vil kunne bli noko overlapp mellom når personar frå ulike grupper skal vaksinerast, fortel Folgerø.

Smittesituasjonen no

– Vi merkar at fleire av kommunane i Bergensområdet har smitteutbrot. Nokre av desse utbrota når også til Alver. Sjølv om smittesituasjonen er stabil i Alver no, er det viktig at vi fortset med alle smitteverntiltaka. Vi testa i underkant av 400 personar førre veke, seier Folgerø.

Søndag og måndag vart det registrert ein smitta i Alver kvar av dagane. Desse var begge i karantene då dei blei testa, og smitta er knytt til utbrota i Bergen.

– Hugs å halde 2 meter avstand til andre, bruk munnbind når det ikkje er mogleg å halde avstand og ver mest mogleg heime. Viss du får symptom må du halde deg heime og ta kontakt med koronasenteret for å avtale testing. Om alle er gode på smittevern i påskeferien får vi mindre smitte i kommunen vår etter ferien. Gå deg ein tur på Stolpejakt eller lag og leit etter påskeegg i nærmiljøet, oppfordrar kommuneoverlegen som ønskjer innbyggjarane ei god påske.  


Sist oppdatert: 31.03.2021
Publisert: 31.03.2021