HeimNyheiterAnbefaler ny oppfriskingsdose

Anbefaler ny oppfriskingsdose

Folkehelseinstituttet anbefaler ny oppfriskingsdose for alle personar frå 75 år og oppover, samt sjukeheimsbebuarar, med oppstart 1. juli.
Publisert: 30.06.2022
Sist endra: 01.07.2022

– Vi har følgt godt med på smitteutviklinga, og forventa at anbefaling om ny oppfriskingsdose ville kome tidlegare enn først venta. Vi er difor alt i gang med å gi ny oppfriskingsdose til sjukeheimsbebuarar som har ønska det, seier Terese Folgerø, kommuneoverlege i Alver.

Oppfriskingsdosen kan du få fire månader etter du fekk forrige vaksinedose. Har du hatt koronavirus, bør det gå minst tre veker frå du er frisk att til du får ny vaksinedose.

Alver kommune har avtale med enkelte av apoteka i Alver om koronavaksinering av innbyggjarar over 16 år, og du kan bestille time direkte hjå dei.

Trykk her for meir informasjon og for å bestille time. 

Fleire grupper kan få ny oppfriskingsdose til hausten

Vaksinering med ny oppfriskingsdose til personar frå 65 til 74 år, og personar i aldersgruppa 18 til 64 år i risikogrupper, er planlagt å starte frå 1. september. Men det kan kome endringar når det gjeld oppstart av vaksinasjon av desse gruppene.