Annleis julebukkfeiring i år
Det er lang tradisjon for å gå jule- eller nyttårsbukk. Mykje blir annleis dette året, og vi oppmodar til å tenkja ut kreative alternativ til å gå frå dør til dør.
Publisert:
28.12.2020
Sist endra:
28.12.2020
Om de likevel vel å gå jule- eller nyttårsbukk, rår vi dykk til å følgje dei same retningslinjene som folkehelseinstituttet gav for halloween.
Trykk her for å sjå råda for halloween på fhi.no
Merk: Det kan til ei kvar tid kome nye råd basert på smittesituasjonen, difor bør alle følgje med på hovudsida til Folkehelseinstituttet: fhi.no
Dette er viktig for ei trygg feiring:
- Både dei som ringer på og dei som opnar døra må vere friske.
- Gå i små grupper, og med dei du er saman med til vanleg.
- Hald avstand til andre grupper, til dømes dersom det er kø utanfor enkelte hus.
- Alt godteri som blir delt ut, skal handsamast med reine hender, hanskar eller reiskap, og vere emballert (innpakka).
- Vent med å ete snopet til du er ferdig med runden, og til du har vaska/sprita hendene.
- ikkje del godteri
- Bruk refleks i mørket og ha gjerne med ein vaksen som sikrar både smittevern og trefikktryggleik.
- Dersom du har luftvegssymptom eller av andre grunnar ikkje ønskjer at nokon ringer på døra, heng opp ein lapp på døra eller ringeklokka, der det for eksempel står: «Velkomne tilbake på julebukk i 2021».