Avlyser vaksinedagar i veke 36 og 37
Alver kommune hadde sett opp vaksinedagar med oppfriskingsdose for dei som er fødd i 1957 og tidlegare 6., 7. og 8. september og 13., 14. og 15. september. Alle som har bestilt time til desse dagane, har fått beskjed om at dei er avlyste.
– Vi avlyser fordi vi i dag fekk informasjon frå Folkehelseinstituttet om at det snarleg kjem nye og oppdaterte koronavaksinar som skal brukast til oppfriskingsdose, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.
Vaksinane er oppdaterte for å vere betre tilpassa variantane av koronaviruset som sirkulerer no, forklarer kommuneoverlegen.
– Dei oppdaterte vaksinane skal brukast til oppfriskingsdose, men ikkje til grunnvaksinering.
Vi kjem tilbake i løpet av denne veka med informasjon om nye vaksinedagar.
– Ønsker du likevel vaksine denne veka, kan du få vaksinen vi har tilgjengeleg per no på drop-in i Nordhordlandshallen torsdag 8. september mellom klokka 9 og 14, seier Folgerø.