HjemNyheiterBarnehage- og skulebruksplan: Ny sjanse til å kome med innspel

Barnehage- og skulebruksplan: Ny sjanse til å kome med innspel

Levekårsutvalet har sendt kommunedirektøren sitt forslag til strukturtiltak i barnehage- og skulebruksplanen på høyring.
Publisert: 20.06.2024
Sist endra: 20.06.2024

I forslaget rår kommunedirektøren til at kommunen gjer følgjande endringar i perioden 2024-2026:

  • Avvikle Marihøna barnehage på Frekhaug
  • Flytte Austebygd barnehage til Bø barnehage
  • Samle all aktiviteten til Prestmarka barnehage i Solhall-bygget
  • Flytte Myking skule til Lindås barneskule
  • Flytte Austebygd skule til Hordabø skule
  • Flytte Kløvheim skule til Ostereidet barneskule
  • Flytte Eikanger skule til Leiknes skule

Kommunedirektøren vil behalde Sæbø barneskule, og går vekk frå forslaget om ein stor, felles ungdomsskule i Knarvik.

Har du nye innspel som du ønsker vi skal ta med oss i det vidare arbeidet med planen, må du levere dette skriftleg:

Frist for å komme med innspel er 15. september.

Sjå meir informasjon om barnehage- og skulebruksplanen.

Les også høyringssaka.