HjemNyheiterBassenga i Radøyhallen er stengt inntil vidare

Bassenga i Radøyhallen er stengt inntil vidare

Grunna skade på hovudbassenget, blir bassenga i Radøyhallen dessverre ikkje opna som planlagt 1. september.
Publisert: 09.08.2024
Sist endra: 09.08.2024

– Vi er utruleg leie oss for at bassenga ikkje kan opne som planlagt, og forstår at dette er frustrerande for alle som brukar bassenga. Det er ekstra leitt når me har i mente at det var utsett opning både i fjor og året før grunna utbetringar som måtte gjerast då, seier Eirik Bouwer Utne, kultursjef i Alver kommune.

Kva har skjedd?

I juni, då bassenga vart tømde for sesongen, førte ein feil i ventilasjonsanlegget i bassengrommet til høgt undertrykk. Dette gjorde at duken i hovudbassenget løsna frå festa sine, og vart øydelagd.

Kva er gjort til no?

Skaden vart kjapt meldt inn som ei forsikringssak, og alt dagen etter hendinga var det takstmann på staden for å sjå på skaden.

Det har vore fleire involverte partar, både med å undersøke skaden, finne årsaka til hendinga, og i arbeidet med å reparere skaden. Tilsette frå våre drifts- og eigedomsavdelingar har vore tilgjengelege gjennom heile sommaren for å gjere nødvendige avklaringar med eksterne partar. Men grunna ferieavvikling hjå dei eksterne partane, har dette arbeidet tatt lengre tid enn venta. Anbodsprosessen knytt til utbetring av skaden har også tatt lengre tid enn vanleg grunna fellesferie. Difor har vi ikkje kunna sagt noko om kor lang tid reperasjonen vil ta, før no.

Kva skjer vidare?

Med grunnlag i anboda kommunen har fått, kan arbeidet med å legge ny duk tidlegast starte i oktober. Når dette arbeidet er gjort, vil det ta noko tid å få bassenget tilbake i normal drift. Slik det ser ut no, kan bassenget difor tidlegast opne i veke 45.

– Vi undersøker om terapibassenget kan brukast i delar av anleggsperioden, men det er framleis ikkje avklart om dette let seg gjere. Så snart vi har ny informasjon i saka, informerer vi om dette, både direkte til lag og organisasjonar som brukar bassenga, og på heimesida, seier Utne.