HjemNyheiterBer innbyggjarane om å følgje med

Ber innbyggjarane om å følgje med

– Situasjonen er krevjande for mange. Vi prioriterer liv og helse, og gjer det vi kan for halde barnehagar, skular og andre tenester opne.
Publisert: 18.01.2024
Sist endra: 18.01.2024

Oppdatert

Det blir heimeskule for elevane på Ostereidet ungdomsskule fredag 19. januar. Elevar og føresette har fått informasjon direkte frå skulen.

Første melding

Dette seier ordførar i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad.

Ordføraren oppmodar dei som kan om å la bilen stå, bruke offentleg transport og rekne ekstra tid til jobb og andre nødvendige avtalar.

Ho ber også innbyggjarane om å følgje med på heimesida og Facebook-sida til kommunen for oppdatert informasjon.

­– Så langt har ikkje været fått konsekvensar for tenestene våre, men kriseleiinga vår følgjer situasjonen tett, seier Sekkingstad.