Bli med og feire nynorsken!
Nynorskdagane 2023 går av stabelen mellom 22. september og 1. oktober.
I år har fleire av arrangementa funne inspirasjon i Ivar Aasen.
Både opninga ved Ivar Aasen-bysten på Frekhaug 22. september og Elias Mjåtveitfestivalen vil heidre grunnleggaren av det nynorske skriftspråket.
Konsertar for store og små
Bli med inn i den magiske verda til artisten Sigrid Moldestad og Regndråpeorkesteret. Moldestad har nyleg gitt ut barneplata Regndråpeborna, og 23. september har ho konsert på Meieriet kulturhus på Frekhaug.
På samfunnshuset "Skogen", Sletta kan du oppleve dei tre karane Olav Stedje, Finn Tokvam og Odd-Eirik Lothe.
Stadnamnvandring og forfattarbesøk
Lurer du på kva Kvassneset eigentleg tyder, og kvar Kvernhusa låg?
Kva tyder Slåttetoreset, og kan det finnast att i byggjefeltet i dag?
Dette og meir til får du vita meir om på stadnamnvandringa måndag
25. september.
Onsdag 27. september kan du møte forfattar Hilde Fjeldsende. Ho kjem til biblioteket på Manger for å snakke om poesi og lesa dikt. Det vert også nynorskquiz med Radøy mållag.
Trykk her for meir informasjon om Nynorskdagane.
Trykk her får å sjå heile programmet.
Alversund, Meland, og Radøy Mållag står, saman med Strilabiblioteket og Alver kommune, bak arrangementet.