Bli med å markere Verdensdagen for psykisk helse

Vi inviterer deg til å markere Verdensdagen for psykisk helse, 10. oktober på Helsehuset i Knarvik.
Publisert: 27.09.2024
Sist endra: 27.09.2024

Årets kampanje oppmoder deg til å setje av 8 minuttar til nokon du bryr deg om. Det er enklare enn du trur og betyr meir enn du anar. 

Det er avdeling for psykisk helse og rus som står for markeringa i Knarvik, og gjennom dagen vil ulike aktørar ha stands der du kan slå av en prat og få nyttig informasjon. I Nordhordland møterom vil det gå føre seg mykje spennande gjennom dagen. 

Stad: 

  • Helsehuset i Knarvik
    6 etg, møterom Nordhordland
    Kvassnessvegen 40
    5914 Isdalstø

Program:

10.30

  • Gi 8 minutter – video
  • Cecilie Fernes Johannesen ønskjer velkommen
  • Åpningsord frå ordførar Sara Hamre Sekkingstad
  • Kvernbit Kajakk – Hekta på kajakk
  • Innlegg frå tilsette i avdeling psykisk helse og rus i Alver
  • Musikalsk innslag frå Ingeborg Ruud

11.45

Pause. Besøk dei ulike standsa.

12.30

  • Musikalsk innslag – Ingeborg Ruud
  • Vibeke Dahl
  • Gatelaget
  • Hanne Mellingen
  • Mentimeter.com
  • Avslutningsord

Arrangementet er gratis å delta på og alle er hjarteleg velkomne til å delta. 

Les meir om Verdensdagen for psykisk helse, og sjå fimen her