HjemNyheiterBli med på informasjonsmøte om fadderordning for flyktningar

Bli med på informasjonsmøte om fadderordning for flyktningar

Vi treng fleire fadrar som ønsker å hjelpe til med å gi flyktningane ein god velkomst i kommunen.
Publisert: 20.09.2023
Sist endra: 20.09.2023

Frivilligsentralane i Alver kommune har starta ei fadderordning for flyktningar denne hausten. Mange flyktningar ønsker seg ein fadder, og behovet er no størst i området Alversund/Knarvik/Frekhaug.

Målet med ordninga er mellom anna at flyktningane skal bli kjent i nærområdet, lære litt om norsk kultur og levesett og gjerne utvide nettverket sitt. Fadderordninga kan bidra til at flyktningane finn seg godt til rette og blir ein del av lokalsamfunnet. Som fadder får ein glede av å bli kjent med ein anna kultur og kjensle av å vere med på ei viktig samfunnsoppgåve – nemleg integrering.

Den frivillige flyktningfadderen blir sett saman med ein flyktning eller flyktningfamilie. Vi forsøker å ta omsyn til alder, interesser og kvar de bur. Fadderordninga varer i tre månader, og vi avtaler med deg kor mykje tid du vil sette av.

Kanskje dette er noko for deg? Vil du vite meir om ordninga?

Kom gjerne på eit uforpliktande informasjonsmøte onsdag 27.09 i lokala til Knarvik frivilligsentral klokka 18.00-19.30. Det blir enkel servering.

Meld deg på informasjonsmøtet ved å sende ein epost til: flyktningfadder@alver.kommune.no


Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med prosjektleiarar: