HeimNyheiterBli med på informasjonsmøte om områdeplan for Langelandskogen

Bli med på informasjonsmøte om områdeplan for Langelandskogen

Har du innspel til framlagt Langelandskogen områdereguleringsplan? Eller ønsker du informasjon om planen? Dei neste vekene er det mogleg å få meir informasjon om planen samt stille spørsmål på digitalt folkemøte og open kontordag.
Publisert: 11.01.2022
Sist endra: 11.01.2022

Folkemøte:

Tid: onsdag 19. januar kl. 18.00- 19.00
Stad: Arrangementet blir digitalt på teams.

Trykk her for lenke til møte

Passar ikkje tidspunktet for deg?

Folkemøtet blir tatt opp og vil vere tilgjengeleg her på Alver kommune si heimeside under "aktuelt".

Har du spørsmål du vil stille på folkemøtet?

Send gjerne spørsmål i forkant av møtet, så skal vi etter beste evne svare dei ut i møtet. Det er også mogleg å sende inn spørsmål i chatten undervegs i møtet og i etterkant av møtet. Spørsmål i etterkant sendast til kontaktperson innan 21. januar. Alle spørsmål for folkemøtet blir oppsummert og besvart i ein eigen rapport som snarast blir tilgjengeleg.

Spørsmål kan sendast kontaktperson:

Kaia Marie Amland
Rådgjevar, Plan og analyse.
E- post: kaia.marie.amland@alver.kommune.no
Telefon: 56 37 56 30 / 91 11 98 28

Opne kontordagar

Ta kontakt med kontaktperson for å booke møtetid innanfor tidsromma. Alle som bestiller tid får om lag 30 minuttar. Møtet kan arrangerast fysisk dersom du er forhindra til å delta via teams.


Tid/ stad:
Tysdag 25. januar kl 15.30- 19.00, Trykk her for lenka til teams
Torsdag 27. januar, kl. 15.30- 19.00, Trykk her for lenka til teams

Formelle innspel til planen

Her kan du sjå heile planen

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 13.12.2021 – 14.2.2022.

Hugs at formelle merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein sende e-post til post@alver.kommune.no, eller sende brev til:

Alver kommune,
Postboks 4,
5906 Frekhaug.

Merknaden stilast til Plan v/ Arealforvaltning.

Kontaktperson:

Kaia Marie Amland
Rådgjevar, Plan og analyse.
E- post: kaia.marie.amland@alver.kommune.no
Telefon: 56 37 56 30 / 91 11 98 28