Bli med på påskeeggjakt
- Vi håpar at store og små finn fram fargeblyantane og blir med på å skape ei god heimepåske for alle, seier Birthe Kråkenes Bjørstad, initiativtakar og leiar i Frivilligsentralen på Manger.
Slik deltar du
Vi oppfordrar barn og vaksne til å fargeleggje påskeegg, og henge dei opp i vindauga sine, godt synleg mot vegen. Gå på jakt i nærmiljøet og sjå kor mange påskeegg du finn!
Vi legg ved malar for påskeegg som du kan skrive ut og fargelegge. Har du ikkje moglegheit til å skrive ut egga, kan du sjølvsagt teikne ditt eige egg.
Trykk her for mal, påskeegg enkel
Trykk her for mal, påskeegg med mønster
Trykk her for mal, påskeegg med prikkar
Trykk her for mal, enkelt påskeegg med prikkar
Heng opp egga mellom skjærtorsdag og 1. påskedag, så kan store og små i nabolaget gå på påskeeggjakt.
For å halde oversikt over kor mange påskeegg du har funne, har vi og laga eit skjema som du kan fylle ut.
Trykk her for å laste ned skjema
Del bilete med oss og vinn påskeegg
Ønskjer du å vere med i konkurransen om å vinne eit påskeegg med snop, må du ta eit bilete av fargelegging av egg, eller sjølve påskeeggjakta. Bruk hashtaggen #påskeeggjaktalver på Instagram, eller send biletet i ei melding på Facebook til Alver kommune, eller i ein mail til manger.frivilligsentral@alver.kommune.no.
Vi trekk tre vinnarar blant alle innsendte bidrag, som vinn eit påskeegg.
Hald avstand til andre
Hugs å følgje råda frå myndigheitene om god handhygiene både før og etter du er ute på tur.
- Du bør halde god avstand når du møter andre på påskeeggjakt eller vanlege turgåarar. Prøv å unngå å sende barn ut aleine, dersom ein ikkje er trygg på om dei vil samlast i større grupper, oppfordrar Bjørstad.
Hald deg langs vegar og stiar og unngå å gå inn i hagane til naboar og andre innbyggjarar. Egga skal vere synlege frå vegen. Og om du bur langt frå næraste nabo, går det an å gå på påskeeggjakt rundt eige hus.
God jakt og lykke til!