HjemNyheiterBli med på Sykle til jobben!

Bli med på Sykle til jobben!

Aktivitetskampanjen Sykle til jobben varer i år frå 3. mai til 16. juni. Det er gratis å delta for alle innbyggarar i Alver kommune.
Publisert: 26.04.2023
Sist endra: 27.04.2023

All aktivitet tel, og alle som registrerer aktivitetane sine er med i trekninga om fine premiar.

Sykle til jobben fyller 50 år i år, og satsar på deltakarrekord. Blir du med?

Trykk her for å lese meir og meld deg på

Gratis sykkelservice

Treng du å justere bremser og gir, eller kanskje smøre kjedet? No har du sjansen til å få sykkelen klar til våren. I løpet av mai kan du få ein enkel service på sykkelen din – heilt gratis.

Møt opp på:

  • BUA, Frekhaug - tysdag 2. mai, klokka 16.00 - 19.00
  • Helsehuset, Knarvik - onsdag 10. mai, klokka 16.00 - 19.00
  • BUA, Manger - torsdag 11. mai, klokka 16.00 - 19.00

Noko av programmet elles: Skulemusikken spelar opp, brannbilen kjem og det blir aktivitetsløype for born. Velkommen!

Har du vinterutstyr du ikkje lenger har bruk for?

På Sykle til jobben-arrangementa på Frekhaug, Manger og i Knarvik tek BUA imot vinterutstyr.

Har du til dømes ski, skøyter eller akebrett som du ikkje lenger har bruk for? Då tar gjerne BUA imot utstyret, slik at små og store i Alver kan få glede av det neste vintersesong.