HjemNyheiterBrannøving på Tveiten i Alversund

Brannøving på Tveiten i Alversund

I veke 43, 44, 45 og 47, har Nordhordland Brann og Redning røykdykkarøving i den gamle barnehagen på Tveiten.
Publisert: 24.10.2022
Sist endra: 24.10.2022

Øvinga er måndagar frå klokka 17.00 til 22.00.

I samband med øvinga blir det ein del trafikk med brannbilar i området. Det blir brukt blålys, og det blir noko støy frå pumper og aggregat.

– Vi beklagar ulempene dette fører med seg for dei som bur i området, men øvingar som dette er viktig for at me skal halda kompetansen oppe, som igjen er til innbyggjarane sitt beste, seier Sondre Ivan Myhr, brannmeister og driftskoordinartor i Nordhordland Brann og Redning.

– Litt røyk vert det òg, men det er kaldrøyk eller teaterrøyk som det også vert kalla, og er ikkje farleg.

Det er mannskap frå stasjonane Knarvik og Manger som er ute på øving denne gongen.

Gamle Tveiten barnehage har adresse Klokkarstien 4, 5911 Alversund.