HeimNyheiterBur du nord for Haugland vatn?

Bur du nord for Haugland vatn?

OPPDATERT: Kokevarselet er oppheva. Alle som bur i dette området kan drikke vatnet rett frå springen att.
Publisert: 07.01.2022
Sist endra: 11.01.2022

OPPDATERT 11. JANUAR: Kokevarselet er oppheva.

Vi har fått svar på prøvane som vart tatt etter at vatnet kom tilbake.

Alle som var utan vatn i Hauglands-området før helga, kan no trygt drikke vatnet direkte frå springen.

Vassleidningsbrot på Haugland

Eit vassleidningsbrot gjer at ein del hus nord for Haugland vatn manglar vatn - medan andre har redusert vasstrykk.

Vi har funne lekkasjen i sjøen. Dette betyr diverre at vi må ha dykkar på plass og at det kan ta litt tid før vi får retta feilen. Vatnet vil tidlegast vere tilbake lørdag morgon, 8. januar.

Treng du vatn?

  • Du kan ta med og fylle eigne dunkar på Haugland trykkstasjon frå klokka 18.30 til 20.30 fredag kveld, 7. januar.
  • Har du akutte behov utanom dette kan du ringe vakttelefonen på 56 37 51 51, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan.

Dette må du gjere når vatnet er tilbake

Når vatnet er tilbake, bør du som bur i området tappe frå første tappestad etter hovudkrana - heilt vatnet er klart og utan luft.
 
Vi oppmodar i tillegg alle om å koke drikkevatnet. Vi sender ny melding når kokevarselet ikkje gjeld lenger.
 
Vi beklagar feilen!