HeimNyheiterByggjesaksvakta flyttar til Frekhaug

Byggjesaksvakta flyttar til Frekhaug

Onsdag 1. februar flyttar dei gode hjelparane våre i byggjesaksvakta frå senteret i Knarvik til kommunehuset på Frekhaug.
Publisert: 27.01.2023
Sist endra: 27.01.2023

Byggjesaksvakta er eit tilbod til privatpersonar som treng hjelp før dei søkjer.

Har du spørsmål eller treng rettleiing før du skal sende inn ein byggjesøknad, kan du ringe eller besøke byggjesaksvakta på måndagar og onsdagar.

Onsdag 1. februar flyttar vi dette tilbodet frå Amfi Knarvik til kommunehuset på Frekhaug. Frå denne dagen kan du møte byggjesaksvakta i resepsjonen i kommunehuset, som har adresse Havnevegen 41 A.

Trykk her for å lese meir om byggjesaksvakta og opningstider.