Eigenberedskapsveka 2024
Når samfunnet vert råka av ei krise er det mange som treng hjelp, og jo fleire som er i stand til å ta vare på seg sjølve og dei rundt seg, jo meir hjelp kan settast inn der behovet er størst. Slik er du del av beredskapen i Noreg. Frå 28. oktober til 3. november arrangerer Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) ein landsdekkande kampanje om eigenberedskap i samarbeid med kommunane. I år har vi òg ein eigen kampanje retta mot dei unge. Vi håper endå fleire veit kva som er tilrådingane, og fyller på lageret sitt.
Kvifor treng vi eigenberedskap?
Det er mange grunnar til at det er lurt å ha eigenberedskap. Blant anna ser vi at klimaendringane fører til meir ekstremvêr, som kan ta bort kritisk infrastruktur som vatn, straum og mobilnett. Andre hendingar som krig og sabotasje kan gjere at det blir vanskeleg å få tak i nødvendige varer. Likevel treng det ikkje vere dei store krisene som fører til at kvardagen blir sett på vent, det er like godt å ha noko ekstra tørrmat liggande når det er full fest på kjøkkenet i kollektivet, og når straumen går midtvinters. Kvardagskriser er òg kriser.
Kva kan du gjere for å førebu deg?
Du treng heldigvis ikkje å springe ut og storhandle, du kan begynne med å sjå kva du har i skapa fra før. Dei fleste har nemleg mykje av det dei treng! Det er kurven med ullpledd ved sidan av sofaen, stearinlys og fyrstikker, powerbank til mobilen og sjokoladen på lur bak i kjøkkenskapet.
Ta med noko av det du manglar neste gang på butikken, og sjekk om du får kjøpt nokre av dei dyrare tinga brukt, så er du snart heilt i mål!
Det viktigaste er å tenke over kva som kan skje hos deg, kva for konsekvensar det ville fått og kva du ville gjort for å handtere det. Dei grunnleggande behova som må dekkast dei første dagane av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og informasjon. Med eit lite reservelager av det du er mest avhengig av har du kome langt! Ein fullstendig oversikt over kva du treng finn du på sikkerhverdag.no, men vi har summert opp det viktigaste for deg her:
- Mat: Mat du kan lage utan straum og vatn er lurt, og gjerne noko som kan lagrast i romtemperatur og har langt haldbarheit. For eksempel knekkebrød, energibarar og middagshermetikk.
- Vatn: Utan vatn klarer vi oss ikkje særleg lenge, derfor er vann kjempeviktig! Vi treng det for drikke, matlaging og hygiene. Dårleg hygiene kan gi grobotn for smitte – så det er viktig med god hygiene ved toalettbesøk og matlaging. Her kan våtserviettar og Antibac vere til hjelp. For drikke, matlaging og hygiene treng du 9 liter vatn per person for tre døgn!
- Straum: Straum vert nytta til det meste vi gjer i kvardagen. Har du ikkje straum må du finne andre alternativ for å lage mat og skaffe varme. Vi tilrår difor varme klede, sovepose, vedovn og primus for å lage mat på. Du kan óg avtale med naboar om å gje deg husly. Powerbank eller bil kan brukast for å lade telefon.
- Legemiddel: Om du er avhengig av legemiddel eller medisinske hjelpemiddel må du snakke med lege eller apotek om moglegheita for å ha ei ekstra behaldning, berre hugs å sjekke haldbarheita.
Les meir om eigenberedskap på sikkerkvardag.no