HeimNyheiterOffisiell opning av Alversund skule og Alverhallen

Offisiell opning av Alversund skule og Alverhallen

Tysdag 14. juni var det endeleg klart for offisiell feiring med snorklipping, song frå elevane og talar.
Publisert: 15.06.2022
Sist endra: 15.06.2022

Sjølv om bygget har vore i bruk sidan oktober i fjor, har kommunen grunna korona ikkje arrangert opningsfest før no.

Dagen starta med flott song av alle elevane på skulen, tale av ordførar Sara Hamre Sekkingstad og snorklipping med ordføraren og to 6. klassingar.

Etterkvart fekk elevane gå tilbake til klasseromma sine, medan entreprenørar, arkitektar, landskapsarkitektar, øvrig prosjektorganisasjon, representantar frå brukargruppar og politikarar fortsette arrangementet.

Elevane feira dagen med is. 

Arrangementet avslutta med at dei som ønska, fekk omvising i det nye flotte bygget.