HeimNyheiterEr verksemda di råka av smitteverntiltak grunna covid-19?

Er verksemda di råka av smitteverntiltak grunna covid-19?

Alver kommune har fått tildelt NOK 1 084 000 som skal fordelast vidare til lokalt næringsliv som er råka av smitteverntiltak grunna covid 19- pandemien.
Publisert: 12.01.2022
Sist endra: 12.01.2022

Føremålet med tilskotet er å setje kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.
Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak og for andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordninga.

Kven som kan søkje og kva for krav som vert stilt til søknad:

  • Kompensasjonsordninga gjeld primært for verksemder som ikkje har mottatt koronastønad frå Alver kommune tidlegare, men alle verksemder i Alver kommune som er råka av smitteverntiltak kan søkje. Ved mange søknader, kan verksemder som ikkje har mottatt koronastønad frå kommunen tidlegare prioriterast.
  • Stønaden vert gjeve etter reglane for bagatellmessig stønad.
  • Søkarar må dokumentere omsetnadssvikt eller betydelege kostandar for smittevernstiltak 4. kvartal 2021 og evt i 2021 (f.eks. avbestillingar, fakturaer gjeldande Covidtiltak etc.).
  • Rekneskap for perioden 01.07.19 – 31.12.19
  • Omsetning frå rekneskap for perioden 01.07.21 – 31.12.21
  • For å få stønad må verksemda ikkje vere under konkursbehandling eller avvikling.


Nivået på stønaden heng saman med tal søkjarar. Om det er mange søknadar innafor kriteria, kan det bli ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeløp.

Søknadsfrist: 1. mars 2022

Søknader sendast inn via www.regionalforvaltning.no. Trykk her for å kome til søknadssida.