HeimNyheiterEr verksemda di råka av smitteverntiltak?

Er verksemda di råka av smitteverntiltak?

Alver kommune har fått tildelt 3.495.000 kroner som skal fordelast til lokalt næringsliv som er råka av smitteverntiltak som følgje av koronapandemien. Søknadsfrist er 1. desember.
Publisert: 12.11.2021
Sist endra: 12.11.2021

Føremålet med tilskotet er å setje kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som har vore råka av strenge smitteverntiltak og for andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor den generelle kompensasjonsordninga.

Kven kan søkje og kva for krav vert stilt til søknad?

  • Kompensasjonsordninga gjeld primært for verksemder som ikkje har mottatt koronastønad frå Alver kommune tidlegare, men alle verksemder i Alver kommune som er råka av smitteverntiltak kan søkje. Ved mange søknader, kan verksemder som ikkje har mottatt koronastønad frå kommunen tidlegare prioriterast.
  • Stønaden vert gjeve etter reglane for bagatellmessig stønad. Søkjar må dokumentere eventuell anna motteke offentleg stønad i løpet av 2019, 2020 og 2021.
  • Søkarar må dokumentere omsetnadssvikt eller betydelege kostandar for smittevernstiltak i 2020 og/eller 2021 i form av rekneskapsrapport.
  • For å få stønad må verksemdene vere registrert før 12. mars 2020 og ikkje vere under konkursbehandling eller avvikling.
  • Vidare må verksemder drive lovleg og ha betalt skattar, avgifter og forskotstrekk med forfall før 29. februar 2020

Nivået på stønaden heng saman med tal søkjarar. Om det er mange søknadar innafor kriteria, kan det bli ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeløp.

Søknadsfrist: 1. desember 2021

Søknader sendast inn via www.regionalforvaltning.no. Trykk her for å kome til søknadssida.

Har du spørsmål?

Då kan du kontakte:

Tove Hagenes
E-post: tove.hagenes@alver.kommune.no
Tlf: 95 85 76 50