HeimNyheiterEr du klar for dose 1, 2 eller oppfriskingsdosen?

Er du klar for dose 1, 2 eller oppfriskingsdosen?

Vi oppmoder alle innbyggjarar over 18 år om å bestille time til dose 1, 2 eller oppfriskingsdosen – dersom du enno ikkje har gjort det.
Publisert: 07.01.2022
Sist endra: 07.01.2022

 Kven står for tur no?

  • Har du ikkje tatt dose 1 eller 2 enno? Det er framleis mogleg å bestille time.
  • Er du over 18 år kan du bestille time til oppfriskingsdosen 20 veker etter at du fekk dose 2. Hugsar du ikkje datoen, kan du logge inn og sjekke dette på www.helsenorge.no.
  • Har du eit svekka immunforsvar og allereie har fått 3 dosar i primærvaksinasjonen din, kan du få ein oppfriskingsdose 3 månader etter den tredje dosen.

Informasjon om vaksinasjon av andre grupper og korleis du bestiller time finn du her

 

Dersom du ikkje får bestilt time på nett eller lurar på noko, kan du ringe koronasenteret på 56 37 59 00

Hald deg oppdatert på siste nytt

Reglane for kven som kan få koronavaksinen, og kor lang tid det må gå mellom dei ulike dosane kan endre seg. Det er difor lurt å følgje med og halde seg oppdatert.

Her finn du meir informasjon om koronavaksinasjon:


Følg oss gjerne på Facebook: www.facebook.com/alverbu. Her får du siste nytt om koronasituasjonen – og andre ting som skjer i kommunen.