HjemNyheiterEr du kunstnar og treng ein stad å arbeide med eit prosjekt i sommar?

Er du kunstnar og treng ein stad å arbeide med eit prosjekt i sommar?

Alver kommune lyser ut eit arbeidsopphald for utøvande kunstnarar på kulturbygget Meieriet Frekhaug 14. - 20. august 2023.
Publisert: 08.05.2023
Sist endra: 08.05.2023

Alver er heimstaden til mange dyktige kunstnarar, der visesongaren og humoristen Ivar Medaas kanskje er den mest kjende. Han representerer strilakulturen med sin lune humor, sin kjærleik for musikken og visesongen, og sin folkelege appell. Me har også i dag eit rikt musikk- og revymiljø som me er veldig stolte av i kommunen.

Alver ber på mykje kunstnarleg talent som me i kommunen vil sjå meir av!

Me er opptekne av å vareta dei gode initiativa og aktørane som allereie er godt etablerte, og samtidig forsøkjer me å byggja opp fleire aktive miljø i kommunen innanfor ulike greiner som til dømes scenekunst, litteratur og billetkunst.

Er du kunstnar og ynskjer ein stad å arbeide med eit prosjekt i sommar?

Alver kommune har no etablert ei veke med gratis opphald på kulturbygget Meieriet Frekhaug.

Vi inviterer både etablerte aktørar og aktørar i etableringsfasen til å søkje, innanfor alle kunstsjangrar.

Kva kan me tilby?

  • Gratis bruk av prøvelokale og teknikk til produksjon/utvikling av kunst- og musikkprosjekt.
  • Meieriet blir ditt/dykkar den veka, med flotte fasilitetar til disposisjon. Her er lyd- og lysrigg, miksepult og backline (mellom anna monitorar, song-/instrumentmikrofonar, bass- og gitarforsterkarar, trommesett, elpiano).
  • Lokalet er romsleg og lyst og det er skjerming til vindauga, som bidreg til å lage ein slags blackbox i lokalet.
  • Det finst også dansematter på huset.
  • Det er backstage med dusj og toalett, og det er tilgang til kjøkken.
  • Det vil bli gitt opplæring i teknisk utstyr på huset ved behov, av teknisk ansvarleg.
  • Lokale er eigna for mange ulike arbeidsmetodar. Det tekniske utstyret er godt oppdatert på både lys og lyd, og det finst gode innspelingsmoglegheiter for musikk (Dante system), samt pre-produksjon.
  • Meieriet Frekhaug er universelt utforma.

Krav til søkjar

Prosjektet du/de skal gjennomføra kan vera eit forprosjekt eller ei ferdigstilling av eit prosjekt. Det kan til dømes vere utarbeiding/utvikling av materiale til ei scenekunstframsyning, utvikling av låtmateriale, studioinnspeling med meir.

Me ynskjer å gi tilbodet til:

  • Ein profesjonell kunstnar (amatørar kan vere involverte i produksjonen).
  • Ein som har eit spanande og gjerne nyskapande prosjekt.

Prosjekt med lokal forankring blir prioritet.

Me ynskjer velkommen ei framsyning, spørsmål/svar-seanse eller liknande, kor ein kan få innblikk i den kunstnarlege prosessen. Men dette er ikkje eit direkte krav.

Slik søkjer du

Søknaden skal innehalde prosjektskildring og CV. Dokumentasjon av tidlegare arbeid kan bli lagt ved.

Send søknad som éin PDF til sara.bruteig.olsen@alver.kommune.no

Søknadane vert behandla av eit utval med representantar frå tenesteområde kultur i Alver kommune.

Søknadsfrist 5. juni 2023.

Me ser fram til å høyre fra deg!