HjemNyheiterFleire bør vaksinere seg mot influensa og korona

Fleire bør vaksinere seg mot influensa og korona

Kommuneoverlegen i Alver oppfordrar barn, unge, vaksne og eldre som er i ei risikogruppe til å ta vaksine i haust.
Publisert: 21.10.2024
Sist endra: 21.10.2024

– Korona- og influensaviruset endrar seg, difor er det viktig å ta influensavaksine og oppfriskingsdose med koronavaksine årleg, seier Tor Magnus Soleim, kommuneoverlege i Alver.

Vaksinedagar i Nordhordlandshallen i Knarvik

Barn og vaksne med ulike kroniske sjukdommar, gravide etter 12. svangerskapsveke og alle frå fylte 65 år, er blant dei som har auka risiko for alvorleg sjukdom dersom dei får influensa og korona.

– Influensasesongen kan bli kraftigare denne vinteren samanlikna med forrige sesong. Samtidig er det nye variantar med koronaviruset som kan gi smittetoppar i haust og vinter. For å vere best mogleg beskytta dersom du skulle bli smitta med influensa eller korona, håpar eg å sjå deg på vaksinedagane i Nordhordlandshallen no i haust, seier Soleim.

Vaksinering i Nordhordlandshallen:

  • Tysdag 22. oktober klokka 09.00 – 19.30
  • Onsdag 23. oktober klokka 09.00 – 19.30
  • Onsdag 27. november klokka 09.00 – 19.00

For å unngå lang ventetid oppfordrar vi til at de møter til vaksinering slik:

  • 75 år og eldre: møt opp mellom klokka 09.00 – 12.00
  • 65 – 75 år: møt opp mellom klokka 13.00 – 16.00
  • Under 65 år: møt opp mellom klokka 16.00 – 19.30

– Mange hugsar nok at det var lang kø ved vaksineringa i Nordhordlandshallen i fjor haust. Difor har vi delt opp i aldersgrupper, og oppfrodraar innbyggjarane til å møte til vaksinering i gruppene vi har sett opp. Då unngår vi forhåpentlegvis at det blir lang ventetid, seier kommuneoverlegen.