HeimNyheiterFleire ukrainarar på plass i Alver

Fleire ukrainarar på plass i Alver

Det er per no 88 ukrainarar som er busette i Alver kommune.
Publisert: 09.06.2022
Sist endra: 09.06.2022

I tillegg er det 25 ukrainarar som er blitt tildelt Alver kommune og dei vil bli busette her i nær framtid.

– Om lag halvparten av ukrainarane som er kome til Alver er barn og unge. Mange av desse har alt starta på ulike skular her i kommunen. Det er og barn som har byrja i barnehagen, seier Arngunna Haga, avdelingsleiar for ungdom og integrering i Nav Alver.

Barn som er i grunnskulealder startar på skulen om lag ei veke etter dei har kome til kommunen.

Fleire ønsker å komme seg ut i jobb

Mange av dei vaksne flyktningane frå Ukraina er godt i gang med norskopplæring, og fleire ønsker å starte i jobb så snart som råd.

– Det er eit par unge ukrainarar som alt har fått seg jobb her i regionen, og det er veldig kjekt, seier Haga.

Framleis behov for klede, møblar og anna utstyr

Frivilligsentralen har fått inn mykje klede og anna frå folk i Alver, og dette tilbodet er blitt godt tatt imot av flyktningar som har kome til kommunen.

– No er det behov for ein del møblar og anna utstyr som klesskap, kommodar, pultar, kontorstolar, strykejarn og strykebrett, vannkokar, kjøkkenreiskap og andre praktiske ting til heimen.

Frivilligsentralen har ope for inn- og utlevering onsdagar frå 17 til 19.30 og torsdagar frå klokka 11 – 14.30 på gamle barneskulen i Knarvik.

Frå 22. juni til 10. august (veke 25 til 32) er opningstida for inn- og utlevering av klede og utstyr til heimen onsdagar klokka 11 til 15.