HeimNyheiterFørste dag i ny barnehage i Bøvågen

Første dag i ny barnehage i Bøvågen

4. januar kunne barn og tilsette for første gang ta i bruk nye Bø barnehage. Med eiga snekkarbu som har fått namn etter den gamle trelasthandelen i Bøvågen og eit stort flott fellesrom har barna fått mykje rom å boltre seg på. Barnehagen har seks avdelingar, alle på bakkeplan.

Linnea Marøy (f.v.), Johannes Floen og Noah Rath, er storfornøgde med den nye barnehagen.

– Avdelingane er ikkje fastlåste som småbarn eller storbarnsavdeling, barnehagen kan derfor nytte avdelingane ut frå behov frå år til år, forklarer Håland.

Frå februar vil fire av avdelingane vere tekne i bruk, med omlag 50 barn.

Eit bygg for framtida

I Bøvågen nord på Radøy med Hordabø skule som næraste nabo, ligg Bø barnehage sentralt til.

– Byggestart for den nye barnehagen i Bøvågen var i juli 2019. Det er ein barnehage for framtida vi no har bygd. I denne omgangen vart det ingen opningsfest, men vi gjer litt ekstra stas på barna i barnehagen, seier Mona Hagewick, tenesteleiar for barnehage i Alver kommune.

Første dagen hadde dei tilsette i barnehagen pynta nybygget med ballongar og flagg for å ønske barn og foreldre velkomne. Det første som møtte barna då dei gjekk inn porten var eit stort og flott uteområde med nye leikeapparat.

Fellesrommet kan leigast

Dei 14 tilsette får også nye fine fasilitetar. I andreetasje er det personalrom, arbeidsrom, møterom og garderobar. Fellesrommet i førsteetasje har mange bruksområde, og på sikt skal det bli mogleg å leige rommet. Fellesrommet har fått namnet Leite, etter tomta barnehagen er bygd på.

- Både store og små er storfornøgde med dei nye lokala. Her ligg alt til rette for å skape gode læringsarenaer, seier styrar Gro Håland.


Sist oppdatert: 05.01.2021
Publisert: 05.01.2021