HeimNyheiterFramleis ledige plassar på sommarskulen

Framleis ledige plassar på sommarskulen

Det er enno ledige plassar til Ung Alver sin sommarskule. Frist for å melde seg på er onsdag 23. juni.
Publisert: 18.06.2021
Sist endra: 18.06.2021

Alver Kommune har framleis nokre plassar ledige til årets sommarskule.

Borna følgjer klassetrinna under skuleåret 2020/2021 knytt til aldersgrense for aktivitet. Dei må vere heimahøyrande i Alver Kommune for å få tildelt plass

Påmelding gjer ein på e-post til ungalver@alver.kommune.no med unntak av forskerfabrikken.

Påmeldinga må innehalde:

  • Namn på born
  • Namn og telefonnummer til føresette
  • Adresse
  • Fødselsdato på born
  • Kva aktivitet ein vil delta på
  • Me ynskjer også informasjon om bruk av bilete

Allergiar/ andre behov: Har barnet allergiar eller andre behov, så informerer ein om dette over telefon etter at bornet har fått tildelt plass.

Det er ledige plassar på:

Forskarfabrikken for 4.kl-6.kl :

  • Veke 26 på Hordabø og Ostereidet
  • Veke 31 på Vestbygd og Lindås
  • Veke 32 i Knarvik

Forskarfabrikken meld ein seg på via eigen nettside.

Trykk her for påmelding til Forskarfabrikken


Andre aktivitetar:

Veke 25: Onsdag - Fredag

  • Kunst og handverk på Gamleskulen på Eikanger for 1.kl-8.kl (Merk: ny aldersgrense)
  • Skriv og spel på Strilabiblioteket i Knarvik for 7.kl-10.kl (Merk: ny aldersgrense).


Veke 26: Måndag- Fredag

  • Aktivitet i kulturlandskapet på Lygra/ gratis buss frå Ostereidet via Knarvik til aktiviteten. For 5.kl-10.kl
  • Roing og segling i tradisjonsbåtar på Lygra/ gratis buss frå Ostereidet via Knarvik til aktiviteten. For 5.kl-10.kl. (få plassar)

Veke 27: Måndag- Fredag

  • Aktivitet i kulturlandskapet på Lygra/ gratis buss frå Ostereidet via Knarvik til aktiviteten. For 5.kl-10.kl
  • Bibliogamers på Strilabiblioteket på Manger for 5.kl-7.kl (få plassar)
  • Kreativ Verk på Frekhaug med gatekunst og redesign for 7.kl-10.kl.
  • Radiostyrt bil i Knarvik for 5.kl-10.kl. (1 plass ledig)

Veke 31: Måndag til Fredag

  • Aktivitetsveke på Eknes/ Ostereidet for 1.kl-6.kl
  • Friluftsommarskule- speidar veke på Toska for 5.kl-7.kl
  • Skriv og spel på Strilabiblioteket i Knarvik for 5.kl-7.kl
  • Zing Zang på Lindås for 1.kl-10.kl. ( 5.kl-10.kl blir prioritert). Få plassar.
  • Code Camp i Knarvik for 5.kl-10.kl. (få plassar).
  • Aktivitetsveke med Radøy idrettslag i Austmarka for 5.kl-10.kl.

Veke 32: Måndag til fredag

  • Kunst og handverk på Gamleskulen på Eikanger for 1.kl-8.kl (Merk: ny aldersgrense)
  • Turnhelg for ungdom i Austmarka, for 7.kl-10.kl
  • Code Camp på Lindås for 5.kl-10.kl. (få plassar)
  • Zing Zang på Ostereidet for 1.kl-10.kl. ( 5.kl-10.kl blir prioritert). Få plassar.
  • Seglekurs på Litlebergen for 5.kl-10.kl. (Få plassar)
  • Aktivitet med hund på Manger. (1 plass ledig).

Trykk her for meir informasjon om Ung Alver sin sommarskule.