Framover blir det rimelegare å betale feierekninga
Tidlegare i år bestemte Skatteetaten at ingen skal betale meirverdiavgift for «feiing og tilsyn». Endringa gjeld frå 1. januar 2023.
Publisert:
07.06.2023
Sist endra:
07.06.2023
Kva betyr dette for deg?
Dei neste rekningane du får for feiing og tilsyn frå kommunen vil vere utan meirverdiavgift – og blir rimelegare.
Du får også tilbakebetalt meirverdiavgifta du allereie har betalt inn i 2023
Har du spørsmål?
Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00 og be om å få snakke med rekneskapsavdelinga eller teknisk stab.