HeimNyheiterVil du drive frisør på Knarvik sjukeheim?

Vil du drive frisør på Knarvik sjukeheim?

Knarvik Sjukeheim ønskjer å vidareføre tilbod om frisør, og lyser etter ny leigetakar av frisørrom. Søknadsfristen er 22. januar.
Publisert: 05.01.2022
Sist endra: 05.01.2022

Vi ønskjer oss ein frisør med god erfaring og som har særleg interesse for klipp og hårpleie til eldre og sjuke.

Krav til deg som søkjer

Du må:

  • drive verksemda etter faglege og etiske retningsliner i henhald til gjeldande bransjestandard
  • følgje dei til kvar tid gjeldande reglar for smittevern ved institusjonen og i Alver kommune
  • nytte eiget utstyr og forbruksmateriell til behandling
  • sterilisere utstyr som er nytta i behandling.
  • ha metode/apparat for sterilisering som er godkjent i henhald til bransjestandard
  • nytte institusjonen sine handdukar (kostnad for bruk av handdukar inngår i leigepris)
  • leggje særleg til rette for at personar som er innlagde på sjukeheimen kan få tilpassa tilbod om frisør
  • ikkje gjere bygningsmessige tiltak i salong utan at dette er avklart og godkjent av byggeigar
  • dekke kostnadane ved fakturering/sending av faktura

Opningstider og avgrensingar for bruk av lokalet

Avtalen gjeld for drift av tilbod om frisør i salong ved Knarvik sjukeheim.

Lokalet vert og nytta til fotpleiartilbod 4 dagar i veka. Lokalet er dermed disponiblet for frisør ein dag i veka. Frisør og aktuell fotpleiar må tilpasse seg kvarandre si drift.

Leigepris

500 kroner per månad.

Dette inkluderer bruk av institusjonen sine handdukar.

Avtaleperiode

Avtalen gjeld frå 01.02.22 og varar i 3 år. Gjensidig oppseiing på 2 månader

Søknadsfrist

20. januar 2022.

Slik søkjer du

Ta kontakt med: