Frivilligsentralen avviklar utstyrslager for flyktningar
Frivilligsentralane avviklar utstyrslager for flyktningar på gamle barneskulen i Knarvik. Kle- og utstyrslageret er ope ut veka.
Publisert:
27.09.2022
Sist endra:
28.09.2022
Lageret blei oppretta som eit tiltak i samband med Ukraina-krisa. No er dei fleste som kom til kommunen busette, og behovet er ikkje det same.
Alverhjelpen 365 tek over det som er att på lageret slik at det framleis kan kome dei som treng det til gode. Alverhjelpen 365 er eit tiltak som er etablert og vert drive av frivillige.