Har du spørsmål til politikarane våre?
Under kommunestyremøtet 24. november er det sett av tid til å svare på spørsmål frå innbyggjarane.
Publisert:
16.11.2022
Sist endra:
16.11.2022
Kva kan eg stille spørsmål om?
- Spørsmål må gjelde kommunale forhold og vere av allmenn interesse.
- Spørsmåla må ikkje vere knytt til saker under handsaming same møtedag. Trykk her for å sjå møteplanen til kommunestyremøtet 24.11.2022
- Det kan ikkje takast opp spørsmål som er unnateke offentlegheita eller er under ordinær klagebehandling.
Korleis sender eg inn spørsmål?
- Spørsmål kan sendast til post@alver.kommune.no
- Merk e-posten med «Spørjetime»
- Frist for innsending er seinast 48 timar før møtet, det vil seie innan 22. november klokka 12.
Møtet er på Helsehuset, møterom Nordhordland. Ta kontakt med Tove Mette Fyllingen, på 47 46 41 45, dersom du har spørsmål om gjennomføringa.
Møtet blir streama. Trykk her for kommuneTV