HjemNyheiterHar du spørsmål til politikarane våre?

Har du spørsmål til politikarane våre?

På kommunestyremøtet 19. september er det sett av tid til å svare på spørsmål frå innbyggjarane.
Publisert: 16.09.2024
Sist endra: 16.09.2024

Kva kan eg stille spørsmål om?

Spørsmål må gjelde kommunale forhold og vere av allmenn interesse.

Spørsmåla må ikkje vere knytt til saker under handsaming same møtedag.

Saksliste til kommunestyret 19.09.2024.

Det kan ikkje takast opp spørsmål som er unnateke offentlegheita eller er under ordinær klagebehandling.

Korleis sender eg inn spørsmål?

Spørsmål sender du til post@alver.kommune.no. Merk e-posten med «Spørjetime».

Frist for innsending er seinast 48 timar før møtet, det vil seie innan 17. september klokka 09.00.

Ta kontakt med Tove Mette Fyllingen på telefon 47 46 41 45 dersom du har spørsmål om gjennomføringa.