Har justert innsparingstiltaka til helse og omsrog

Kommunedirektøren foreslår mellom anna å stenge avlastningstilod for demente og barn og unge i tre veker – i staden for fem, slik PwC foreslo i sin rapport.
Publisert: 19.06.2024
Sist endra: 19.06.2024

I dag presenterer kommunedirektør Christian Fotland sine forslag til innsparingstiltak i helse- og omsorgssektoren.

Tiltaka er dei same som PwC foreslo, då dei presenterte sin delrapport for helse og omsorg sist veke, med nokre få unntak.

PwC foreslårKommunedirektøren foreslår

Spare 5,3 millionar på å avslutte innleige av vikarbyrå i heimetenesta.

Redusere innsparinga til 3,3 millionar.

Stenge 1) dagsenter for demente og 2) avlastningstilbod for barn og unge i fem veker i juli.

Stenge desse tilboda i tre veker.

Spare to årsverk ved å overføre bemanning av dagsentertilbod for eldre utan demens til frivilligheita.

Behalde 0,6 av dei to årsverka for å koordinere og drifte tilbodet ilag med frivillige.

Spare 23 millionar på lågare pleiefaktor i sjukeheim.

Redusere innsparinga med 1 million.

Spare 7 millionar på å avslutte innleige av vikarbyrå i sjukeheimstenesta.

Redusere innsparinga til 5 millionar.

Spare 919.000 på å redusere merkantil stilling ved psykisk helse og rus administrasjon.

Redusere innsparinga til 760.000 kroner.

Her kan du lese meir

Kva skjer vidare?

  • 19. september: Kommunestyret gjer vedtak på tiltaka til helse og omsorg
  • 24. oktober: Kommunestyret gjer vedtak på barnehage- og skulebruksplanen