HjemNyheiterHeimevernet avsluttar vakthald på Mongstad

Heimevernet avsluttar vakthald på Mongstad

Betre kontroll og oversikt over situasjonen gjer at politiet ikkje lenger har behov for hjelp frå Heimevernet. Politiet held sjølv fram med auka patruljering i området.
Publisert: 29.11.2022
Sist endra: 29.11.2022

Sidan oktober har soldatar frå Heimevernet hatt vakt ved Mongstad og ei rekke landanlegg i Noreg.

I dag avsluttar Heimevernet jobben dei har gjort på vegner av politiet.

Framleis ingen truslar mot anlegget

Endringa har ingen praktisk betydning for folk som bur og arbeider i området. Livet på og rundt Mongstad kan halde fram som før.

Trusselnivået har ikkje endra seg, og det er framleis ingen konkrete truslar mot olje- og gassanlegg i Norge.

– Politiet vil halde fram med auka patruljering i tilknyting til utvalte objekt, og Heimevernet kan settast raskt inn att om situasjonen krev det, seier politidirektør Benedicte Bjørnland i ei pressemelding.

Trykk her for å lese heile pressemeldinga frå politiet.

Meld ifrå om mistenkeleg aktivitet 

Politiet oppmodar alle innbyggjarar som oppdagar mistenkeleg aktivitet på  Mongstad om å melde ifrå. 

Du kan ringe lokalt politi på 56 35 56 70 (eller 02800). 

Naudssituasjonar skal varslast som normalt til 112 (politiet), 113 (ambulanse) og 110 (brann).