HjemNyheiterHeimevernsøving frå 2. til 8. september

Heimevernsøving frå 2. til 8. september

Heimevernet øver i regionen frå måndag 2. til søndag 8. september.
Publisert: 03.09.2024
Sist endra: 03.09.2024

Øvinga inneber at ein kan observere militær aktivitet både i Alver kommune og i resten av Nordhordlandsregionen, inkludert Gulen.

Ein kan møte på militært personell både til fots og i kjøretøy, og det vil vere aktivitet på lokale skytebaner. Publikum vert oppmoda til å følgje skilting og eventuelle oppmodingar frå militært personell i denne perioden.