HjemNyheiterInfluensa- og koronavaksine i haust

Influensa- og koronavaksine i haust

Det blir massevaksinering i slutten av oktober i Nordhordlandshallen for alle som er i ei risikogruppe.
Publisert: 17.09.2024
Sist endra: 23.10.2024

Du kan få influensavaksine og koronavaksine samtidig.

Tid og stad

Tidspunkt for massevaksinering i Nordhordlandshallen:

  • Tysdag 22. oktober klokka 09.00 – 19.30
  • Onsdag 23. oktober klokka 09.00 – 19.30
  • Onsdag 27. november klokka 09.00 – 19.00

For å unngå lang ventetid oppfordrar vi til at de møter til vaksinering slik:

  • 75 år og eldre: møt opp mellom klokka 09.00 – 12.00
  • 65 – 75 år: møt opp mellom klokka 13.00 – 16.00
  • Under 65 år: møt opp mellom klokka 16.00 – 19.30 (mellom klokka 16.00 – 19.00 27. november)

Du treng ikkje bestille time, berre møt opp. 

Vaksinedagane i Nordhordlandshallen er kun for innbyggjarar i Alver.

Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgnsbemanning får tilbod om influensa- og koronavaksine der dei bur.

Kva kostar det?

Koronavaksinen er gratis.
Influensavaksinen kostar kr 200 for alle over 18 år. Er du under 18 år, er den gratis.

Kven bør vaksinere seg mot influensa og korona?

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Prematurt fødde barn
  • Barn og vaksne med ulike kroniske sjukdommar
  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte

Sjå fullstendig oversikt over kven som bør ta influensavaksine.

Sjå fullstendig oversikt over kven som bør ta oppfriskingsdose med koronavaksine.

Vaksinering av små barn i risikogrupper

Barn under skulealder kan få vaksinen på helsestasjonen. Ring 56 37 59 19 for å bestille time.

Hugs at barn under 16 år må ha samtykke frå begge føresette dersom begge har foreldreansvar.

Andre med behov for oppfriskingsdose med koronavaksine

Sjølv om du ikkje er i ei risikogruppe kan du få oppfriskingsdose dersom du skal på reise eller studieopphald, treng det grunna familiær situasjon eller andre forhold.

Trykk her for meir informasjon om koronavaksine.

Trykk her for meir informasjon om influensavaksine.