HjemNyheiterInformasjon om 17. mai i Alver

Informasjon om 17. mai i Alver

Om lag 30 komitear arrangerer lokale feiringar i heile kommunen vår.
Publisert: 13.05.2024
Sist endra: 13.05.2024

Vi ønskjer alle til lukke med store og små førebuingar og ei flott feiring i heile kommunen!

Har du spørsmål om program?

Ta kontakt med den lokale komiteen din.

Vi samlar ikkje inn program frå komiteane i Alver, men oppmodar alle komiteane om å levere program til lokalavisene våre.

Komitear som ønskjer det, kan også leggje programmet sitt inn i den digitale kalenderen på heimesida vår: Aktivitetskalender

Flagging

På 17. mai, heisar vi flagget ved Alver rådhus og kommunehusa på Frekhaug og Manger.

Flagging på andre kommunale og private flaggstenger blir ordna lokalt, av til dømes skule, FAU og frivillige organisasjonar.

Kransar ved minnesmerke

Vi ordnar kransar til åtte tradisjonelle plassar på Radøy og ein ved Meland kyrkje. Alle desse kransane blir levert til rett stad på morgonen 17. mai.

Komitear i gamle Lindås kan ta kontakt for refusjon av utgifter til kransenedlegging.