HeimNyheiterInnbyggjarservice på Frekhaug

Innbyggjarservice på Frekhaug

Vi har redusert bemanning på innbyggjarservice, og må difor stenge resepsjonen i kommunehuset på Frekhaug i ein periode.
Publisert: 11.06.2021
Sist endra: 11.06.2021

Resepsjonen blir stengt frå og med måndag 14. juni.

Sjølv om resepsjonen blir stengt, blir det vanleg aktivitet i gangane på kommunehuset.

Hovuddøra inn til kommunehuset vil vere open som normalt, frå 08.00 til 15.30 på kvardagar, slik at alle som kjem på besøk eller skal levere noko kjem seg inn.

Skal du på eit møte på kommunehuset på Frekhaug?

  • Avtale med NAV? Møt opp som vanleg og vent inne ved resepsjonen.
  • Avtale med helsestasjonen? Gå opp trappa ved resepsjonen og inn første dør til venstre.
  • Avtale med andre avdelingar? Ring kontaktpersonen sin og sei ifrå at du er på plass, så kjem dei og hentar deg.

Skal du levere eit brev til nokon i kommunen?

Legg det i den grønne postkassa ved hovudinngangen til kommunehuset eller i resepsjonen på innsida.

Treng du hjelp til andre ting?

  • Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00 eller besøk oss i Knarvik Senter. Opningstida vår er 08.00 til 15.30 på kvardagar.
  • Informasjon om kommunen sine tenester og tilgang til søknadsskjema finn du også på nettsida vår: www.alver.kommune.no.