HeimNyheiterInnbyggjarservice på Manger

Innbyggjarservice på Manger

Kommunehuset på Manger er stengt i ein periode. Slik kjem du i kontakt med oss i denne perioden.
Publisert: 12.05.2021
Sist endra: 22.07.2021

Vi må diverre stenge resepsjonen i kommunehuset på Manger inn til vidare.

Treng du kontakt med oss i denne perioden, kan vi hjelpe deg på fleire måtar:

  • Har du ein avtale med ein tilsett på kommunehuset? Ring kontaktpersonen din, og sei ifrå når du er på plass - så blir du henta.
  • Skal du levere eit brev til nokon i kommunen? Legg brevet ditt i den grøne postkassa ved hovudinngangen til kommunehuset.
  • Treng du kontakt med NAV? Ring dei på 45 83 92 43 for spørsmål om sosialhjelp eller 55 55 33 33 for andre spørsmål.
  • Treng du hjelp til andre ting? Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00. Du kan også besøke oss på innbyggjarservice i Knarvik Senter. Opningstida vår er 08.00 - 15.30 på kvardagar.