HeimNyheiterInnfører karanteneplikt for barn og unge under 18 år

Innfører karanteneplikt for barn og unge under 18 år

– Smittetrykket i Alver har vore høgt lenge. Vi treng difor strengare karantenereglar enn dei regjeringa innførte tidlegare i veka for å bremse smitteutviklinga i kommunen vår, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.
Publisert: 15.12.2021
Sist endra: 15.12.2021

Kommuneoverlegen innfører ei lokal forskrift, som fjernar unntaket frå krav om smittekarantene for dei under 18 år. Forskrifta gjeld til og med tysdag 21. desember klokka 24.00.

– Dette betyr at barn og unge som er nærkontakt til ein med påvist smitte må halde seg heime, seier kommuneoverlegen.

Det går an å teste seg ut av karantenen på følgjande måte:

  • Dag 3: Ein negativ hurtigtest gjer at du kan gå på jobb eller skule.
  • Dag 7: Ein negativ hurtigtest gjer at du kan gå heilt ut av karantenen.

– Vi veit at mange er redde for julefeiringa. Difor gjeld forskrifta til og med tysdag 21. desember. Etter dette gjeld dei nasjonale reglane, som seier at barn og unge under 18 år som ikkje er husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære ikkje må gå i smittekarantene. Dette betyr også at dei som er i karantene på tysdag, automatisk går ut av karantenen når den lokale forskrifta oppheves, fortel kommuneoverlegen.