Julegåveaksjonen 2022
Saman med Nordhordland Røde Kors arrangerer Frekhaug og Manger frivilligsentral årets julegåveaksjon.
Publisert:
17.11.2022
Sist endra:
17.11.2022
Aksjonen, som i år blir arrangert for sjuande gong, sørger for matkasse og julegåver til dei som slit med å få endane til å møtast til jul.
Julegåveaksjonen vart starta av Frekhaug frivilligsentral i 2015, og etter kvart vart Nordhordland Røde Kors ein sentral medspelar. Jula 2019 vart aksjonen utvida til å gjelde alle innbyggjarar i Alver.
Søknadsfrist er 12. desember, og du får svar seinast 14. desember.