HjemNyheiterJulehelsing frå ordføraren

Julehelsing frå ordføraren

Sara Hamre Sekkingstad ønsker alle ei god jul og eit godt nyttår.
Publisert: 22.12.2023
Sist endra: 22.12.2023

No er det kort tid til jula ringast inn. Kanskje har du allereie hengt julekulene på treet, eller kanskje du har tradisjon om å vente til kvelden før kvelden?

Eg håpar julefreden har seinka seg og at du har gode dagar i vente.

For mange er jula ei hyggeleg høgtid med låge skuldrar og tid saman med venner og familie. For andre er jula ei einsam og vanskeleg tid.

Eg vil oppmode alle om å sjå rundt seg. Ver rause med kvarandre og vis omsorg for kvarandre – både gjennom jula og i det nye året.

Eit smil, nokre hyggelege ord eller ein invitasjon, kan bety veldig mykje.

Snart skriv vi 2024 og eit nytt år med håp og ønskjer ligg framfor oss.

Eg håpar at vi i det nye året kan setje pris på dei gode stundene, og at vi finn tid til å vere til stades for kvarandre i kvardagen.

Eg ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit riktig godt nytt år!