Korleis blir du som pårørande tatt vare på?
Helse- og omsorgstenestene i kommunen ønskjer å vite meir om korleis du som pårørande til brukarar av tenestene opplever å bli tatt vare på.
Vi vil difor i perioden 1. desember 2022 til 31. mars 2023 gjennomføre undersøkinga IVARETATT? – ei undersøking for deg som er pårørande.
Kven?
Målgruppa er innbyggarar som er 18 år eller eldre, og som er pårørande til nokon som mottek tenester frå heimetenestene, sjukeheimstenesta, psykisk helse og rus eller habiliteringstenesta.
Kva?
I undersøkinga ønskjer vi mellom anna å få meir informasjon om korleis du som pårørande opplever å bli møtt av tilsette i tenestene. Får du informasjon du har krav på, er den forståeleg, opplever du at du er ein viktig ressurs for tenestemottakar og korleis opplever du å ta opp bekymringar, samt oppfølging av dei?
Som pårørande kan du ha verdifull informasjon til bruk i arbeidet med kvalitetsforbetring og utvikling av tenestene.
Kor?
Undersøkinga er digital. Trykk her for å gå til undersøkinga.
Treng du hjelp til å svare på undersøkinga?
Sidan undersøkinga berre kan svarast på digitalt, tilbyr me hjelp til dei som ønskjer det onsdagar frå kl. 12:30-14:00.
Send ein e-post til post@alver.kommune.no eller ring 56 37 50 00.
Om undersøkinga
Undersøkinga er utarbeidd av Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Innlandet, i samarbeid med Senter for Omsorgsforsking Øst og Pårørandesenteret. Den har bakgrunn i Pårøranderettleiaren og er i tråd med Pårørandestrategien og Leve heile livet.
Alle kommunar pliktar å ha system for involvering av pårørande.
Helse- og omsorgstenestene i kommunen skal ha rutinar som legg til rette for informasjon, samtale og dialog med pårørande. Dette gjeld enten pårørande har rolla som informasjonskjelde, representant for pasienten/brukaren, er omsorgsgivar eller støtte for pasienten/brukaren, eller pårørande har eigne behov for støtte.
Kommunane har òg plikt til å etablere system for innhenting av pårørande sine erfaringar og synspunkt på ulike nivå, og nytte desse erfaringane i forbetringsarbeid.