Koronastøtte til næringslivet
Vi har fått to millionar kroner frå krisepakka til regjeringa til eit ekstraordinært næringsfond, og det er framleis midlar att på fondet.
Kven kan søkje?
Verksemder og etablerarar som har redusert aktivitet eller sett ting på vent under koronapandemien.
I tillegg til bedrifter kan næringsaktørar kan søkje om tilskot frå fondet. Ein næringsaktør kan vere ein som legg til rette for eller gir støtte til næringsutvikling.
Kva kan du få støtte til?
- Tiltak som fremma auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potenisale
- Tiltak som motverkar dei negative konsekvensane av Covid-19-pandemien
- Tiltak som kjem raskt i gang
Slik søkjer du
Søknadsfristen er 10. desember.
Trykk her for å gå til søknadsportalen vår.
Kontakt oss
Lurar du på noko?
Ta kontakt med Tove Hagenes, hovudprosjektleiar for samfunnsutvikling
- E-post: tove.hagenes@alver.kommune.no
- Mobil: 958 57 650