HjemNyheiterKultur- og idrettsorganisasjonar - sjå her!

Kultur- og idrettsorganisasjonar - sjå her!

Fristen for å søke fleirårig driftstilskot til er 1. mars.
Publisert: 21.02.2023
Sist endra: 21.02.2023

Vi lyser ut midlar til driftstilskot til verksemder innan kultur- og idrettsfeltet, som har stor verdi for kulturlivet. 

Slik søkjer du

Søknadsfrist er 1. mars kvart år.

Vi behandlar søknadane i samband med økonomiplan. Du vil difor ikkje få svar før i desember. Dei som får tilslag i denne runden får driftstilskot for perioden 2024-2028.

Trykk her for søke om fleirårig driftstilskot.

Tilskot skal fremje eit aktivt og allsidig kunst, kultur- og idrettsliv i Alver. Kvar tildeling skal grunngjevast med klar forankring i kommunen sine politiske målsettingar og strategiar innanfor kulturområdet. 

Kven kan søke? 

Aktørar innan kunst‐, kultur‐ og idrettsfeltet i Alver kommune. Dette gjeld også aktørar som har hovudkontor utanfor Alver, men som driv si verksemd i kommunen. Verksemda skal vere ideell (ikkje‐kommersiell), ha eit tydeleg føremål innan kunst, kultur‐ og idrett og ha sterk verdi, det vil seie verdi for heile Alver kommune.  

Kva kan du få støtte til?

Driftstilskotet skal vere med på å sikre føreseielege driftsrammer for etablerte verksemder som har kontinuerleg aktivitet, høgt kvalitets- og kompetansenivå, langsiktige mål og betydning ut over lokale nedslagsfelt.  

Driftstilskot er ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld verksemda som heile. Eit tilskot må vere knytt til verksemda sine eigne vedtekne føremål og planar, og grunngjeve ut frå Alvers politiske målsettingar og strategiar innafor kulturfeltet. Tilskot har eit langsiktig, strategisk preg og går som hovudregel til varige føremål.

Kven får denne støtta i dag?

  • Alver idrettsråd
  • Alver kulturråd
  • Bjørn West museet
  • Eikanger/Bjørsvik Musikklag
  • Manger Musikklag
  • Knarvikmila
  • Stolpejakten
  • Lyngheisenteret
  • Nord- og Midthordland sogelag
  • Stiftinga Tjorehagen
  • Vestnorsk utvandringssenter
  • Ullveka