HeimNyheiterKulturprisen til Elin Alver og frivilligprisen til Audun Håland

Kulturprisen til Elin Alver og frivilligprisen til Audun Håland

I går kunne ordførar Sara Hamre Sekkingstad dele ut kulturpris og frivilligpris for 2021.
Publisert: 16.12.2021
Sist endra: 16.12.2021

Kulturprisen gjekk til kunstnar Elin Alver og frivilligprisen til Audun Håland. Koronasituasjonen gjorde at utdelinga gjekk føre seg i trygge formar, heime på trappa til prisvinnarane. 

Prismottakarane fekk blomer, diplom og fotokunst signert fotograf Morten Sæle.

I grunngjevinga heiter det:

Kulturprisen 2021

Elin Alver ein kunstnar som er unik i Alver kommune. Ho har arbeidd med kunst i ulike formar i heile sitt vaksne liv. Ho er utretteleg som nyskapar men og som ein som er levande oppteken av å bevare og kartleggje gamle handverkstradisjonar og teknikkar.

Elin har arbeidd med materialar mellom anna i ull og stein som ho sjølv finn på turar. Ho malar akvarell og er eksperimentell med alt ho skapar. I møte med historie har ho samla inn og kartlagd Åkle frå Nordhordland, og dette gjer ho no i eit bokprosjekt ho arbeider med. Mange av desse åkla ville gått tapt for alltid om ikkje Elin hadde hatt initiativ til å ha prosjekt om dette.

Elin er som nemnd på jakt etter nye uttrykk, men ofte er kunsten bygd på historie og ved bruk av vevnad og stein som ho har samla og garnet har ho farga. Interessa for å nytte ull har vore ei stor del av interessa i mange år. Og ull og stein er verkeleg del an Nordhordland si kultur og historie. Elin har hatt mange utstillingar i inn og utland, og har og vore plukke ut til å vere med i utsmykking av Helsehuset i Knarvik.
Elin Alver er ein personleg kunstnar med eige uttrykk. Engasjert og eksperimentell men og god kunnskap om handverk. Elin var ein av pådrivarane for å skipa Nordhordland kunstlag for 30 år sidan. Ei kunstnar som skapar, bevarer og vidareutviklar.

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad deler ut kulturprisen til Elin Alver

Foto: Ina Caroline Marteng

Frivilligprisen 2021

Audun Håland har i alle år stått på som ein hjartevarm forkjempar for dei svake i samfunnet. Han har vore ein drivkraft i arbeidet med å etablere eit godt padlemiljø i Nordhordland med eit spesielt fokus på barn, ungdom og for menneske med nedsett funksjonsevne. Lag som Nordhordland padleklubb og no kajakkklubben i Kvernbit IL har alle nytt godt av Audun sin stå-på vilje. Han har vore ein ressurs for havsporten i Austrheim og bidreg når har blir spurt -  Audun er ikkje vanskeleg å spørje.

Audun betyr mykje for mange. I Avisa Nordhordland kunne vi lese om «…eit heilt spesielt tilbod som gav funksjonshemma Ørjan ei ny meining med livet». Audun skaffar utstyr og deltar sjølv for å gje dei som ikkje alltid får spannande tilbod, utfordringar som gir meistring.
Audun er god på samarbeid, god på å sjå folk og god på å løyse utfordringar.

Audun Håland får Frivilligprisen 2021 for sitt arbeid med å lage lågterskelstilbod innan padling, og for sin innsats innan frivillig arbeid i Alver kommune.

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad deler ut frivilligprisen til Audun Håland

Foto: Ina Caroline Marteng

Vi gratulerer prisvinnarane.