HjemNyheiterKunstnarar skal skapa nytt liv på Lindåstunet i sommar

Kunstnarar skal skapa nytt liv på Lindåstunet i sommar

Den ein gong så staselege tuberkulose-heimen på Lindås skal få nytt liv. Ulike kunstnarar inntar den tidlegare institusjonen og dei gamle pasientromma med sine arbeid.
Publisert: 20.04.2023
Sist endra: 21.04.2023

Det spennande kunstprosjektet på Lindåstunet omfattar også ei større utstilling av dei legendariske Strandamålarane.

Det er Alver kommune i samarbeid med Lindås bygdelag som står bak prosjektet, med økonomisk støtte frå KORO. Utstillingane på Lindåstunet vil vera ope for publikum på bestemte dagar frå slutten av mai og ut august.

Arrangørane har gått ut med invitasjon til kunstnarar i ulike sjangrar om å koma til Lindåstunet og vera med på dette unike prosjektet.

Spennande eksperiment

- Vi synest dette er eit spennande eksperiment. Vi ønskjer at kunstnar-prosjekta skal ta tak i og knyttast til lokalhistorie og Lindåstunet sin spesielle historie og arkitektur, seier rådgjevar på kulturavdelinga, Sigrid Fivelstad.

Tenesteleiar for kultur i Alver kommune, Eirik B. Utne, synest det er veldig kjekt at Lindåstunet igjen kan fyllast med liv og aktivitet.

- Eg håpar mange i Lindås-bygda og andre i Alver og Nordhordland vil ta turen innom Lindåstunet på opningsdagane i løpet av sommaren, seier han.

Lindåstunet

Også mange Stranda-maleri

Den spesielle epoken med Strandamålarane vil ha ein eigen og stor plass på Lindåstunet samtidig med dei øvrige kunstnarane som vil ha sine prosjekt utstilt her i sommar.

- Alver kommune har nyleg tatt hand om 60 maleri av Strandamålarane, fortel rådgjevar på kulturavdelinga, Bente Kopperdal Hervik.

Kommunen samarbeider med kunstnargruppa Alt går bra til utstillinga av Strandamåleria. Alt går bra har i lengre tid utforska omgrepet «folkeleg kunst» og har gjennom prosjektet «Kunst i de tusen hjem» mellom anna fordjupa seg i Strandamåleria.

Fenomenet Strandamålarane oppstod i bygda Stranda i tidlegare Lindås kommune. Dei fleste gardane var for små til at ein kunne brødfø ein heil familie, difor måtte mange skaffa seg ei attåtnæring. Kring 1940 dukka det opp eit nytt og spennande levebrød på Stranda som gav ekstrainntekt; landskapsmåling med oljefargar på papp-plater.
Alt Går Bra, Trygghet (i prosess) olje på aluminium, 36 x 47 cm, 2021 (i Nasjonalmuseets samling), og Strandamaleri sign. J. Hølleland. Foto: Alt Går Bra.

Alt Går Bra, Trygghet (i prosess) olje på aluminium, 36 x 47 cm, 2021 (i Nasjonalmuseets samling), og Strandamaleri sign. J. Hølleland. Foto: Alt Går Bra.

Masseproduksjon

Mellom 1940 og 1960 livnærte mange i bygda seg med å laga og selja måleri. Skulle det vera ei brukbar årsløn måtte produksjonen vera stor. Det vert sagt at om lag tolv personar masseproduserte måleria og at dei hadde eit opplag på kring 20 000 måleri i året. Det vart mellom anna laga ein karusell av staffeli og ein symaskinmotor, slik at dei kunne produsere åtte måleri i slengen. Måleria vart selt på dørene og sendt i postoppkrav rundt om kring i heile landet.

45 tuberkuløse pasientar

Lindåstunet er teikna av Noregs fyrste kvinnelege arkitekt med eigen praksis, Lilla Hansen. Sjukeheimen vart bygd i 1927 etter stort påtrykk frå doktoren i bygda, dr. Solem. Her budde det inntil 45 tuberkuløse pasientar.

I etterkrigstida vart sjukdommen utrydda med betre behandling. Frå 1954 var det psykiatrisk pleieheim med pasientar frå heile Vestlandet, og på 1990-talet overtok Lindås kommune bygget. Frå 2004 til 2014 vart Lindåstunet nytta som dagsenter og bustad for eldre, med eldsjeler og frivillige i bygda som drivkrefter.

Sidan 2014 har Lindåstunet stått tomt og har vore stengt for offentlegheita. Men no skjer det store ting – no er det klart for ei kunstnarleg utfalding i bygget.